Spennande songoppleving ventar

Lenke

Italia neste: Det er ikkje grenser for kva Nissedalskoret gjev seg ut på. Til hausten ventar eit musikalsk høgdepunkt i Italia.

Nissedalskoret startar no oppkøyringa til det som skal ende i eit musikalsk høgdepunkt blant 40 kor frå heile verda.

Det må vere som musikk i øyro på dei som deltek i Nissedalskoret å ha med ei som Margrethe Ek Stenmo på laget. Den godt kjende musikkapasiteten og dirigenten har i fleire høve blitt engasjert for å kome til Nissedal og leie ulike songprosjekt som endar med konsertar.
Like før den siste konserten Ek Stenmo leia Nissedalskoret i april 2010, tok ho alle songarane med på ein gåtur for å lufte seg. Akkurat ei slik førebuing hadde Ek Stenmo gjort mellom anna før ein konkurranse i Italia der ho var dirigent for eit norsk kor. På lufteturen med Nissedalskoret fortalde ho om den musikalske opplevinga i utlandet. Vidare kom ho med forslag om at Nissedalskoret skulle reise til tevlinga i italienske Riva del Garda, og ho kunne vere dirigent.

Les mer i Vest-Telemark blad:
http://www.vtb.no/vis.php?id=5006