JORDBÆR OG GRASBRANN med Odd-Erik Lothe

JORDBÆR OG GRASBRANN

Lørdag 2. november  2013 kl. 18.00 i Stryn Kulturhus

Søndag 3. november  2013 kl. 16.00, Førdehuset kinosalen

Norges Korforbund Sogn og Fjordane sitt prosjektkor med songarar frå heile fylket, syng saman med Odd-Erik Lothe med band.
Det er få låtskrivarar frå fylket som kan skryte på seg landeplager slik som Odd- Erik Lothe kan. For mange er sommarslageren ”Jordbær og grasbrann” enno den songen som verkeleg får fram den gode sommarkjensla.
No har Dag Øivind Rebnord arrangert heile ni av låtane til Odd- Erik for kor: Jordbær og grasbrann, Nordfjordnatt, Mann i måne, Frøken fryd, På tide, Svart sjø, Evig blå, Kjærleik og luft, Ro meg til min måne.
Margrethe Ek skal vere dirigent. Ho er frå Råde i Austfold og starta å dirigere kor som 14- åring. No bur ho i Rygge og jobbar til dagleg som lektor i musikkfag ved Kirkeparken videregående skole og Greåker videregående skole i Austfold. Margrethe dirigerer Moss Ensemble Consensus og har utdanning innan song, direksjon, musikkformidling og musikk og helse.
Prosjektet kom i stand som ein del av markeringa av at Sogn og Fjordane har vore eitt korrike i 10 år. Koret har hatt si fyrste øvingshelg og gler seg, saman med dirigenten, til å møte Lothe med band til øving og konsertar i november.

Billettar:

Billettar: Vaksne Kr. 300,-
Pensjonistar og born under 15 år kr. 200,-

Arrangør:

Norges korforbund Sogn og Fjordane

Velkommen!

 

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert av Margrethe Ek. Bokmerk permalenken.

Om Margrethe Ek

Margrethe Ek jobber til daglig som Fagleder for Musikk-Dans-Drama avdelingen ved Kirkeparken videregående skole i Østfold. Hun dirigerer Moss Ensemble Consensus og har utdannelse innen sang, direksjon, musikkformidling og musikk og helse. Margrethe Ek er mye brukt som instruktør ved seminarer og holder ofte foredrag om kor og helse samt musikkformidling. Sangteknikk i kor og hvordan formidle og opptre på scenen er noe Ek jobber mye med. Margrethe er ofte brukt som jurymedlem i nasjonale og internasjonale korkonkurranser. -m-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *